28.11.2015 Blogg

Video, mobilklipp!


Alt er mobilklipp så ikkje så veldig god kvalitet men here you goo!

Legg igjen ein kommentar.

#utveksling

-Mona Haltvik

22.11.2015 Blogg

Tankar og følelsar

lokaltid 18.03

Norsktid 24.03

Heisann, long time no see. Sist eg skreiv eit blogginnlegg var for øve ein månad sida så eg tenkte det var på tide med eit nytt. I det siste har eg tenkt veldig mykje, eg har tenkt på både kor bra eg har da, kor heldig eg er og kor bra eg hadde det heima i min fantastisk gode og trygge familie i Norge. I dag er det 17 lørdagar sidan eg stod på flyplassen i Bergen og sa hada til familien. 17 lørdaga sidan eg forlot min trygge heim. Eg reiste ut i den store verden for å stå på mine egne bein, få nye venna og for å oppleva ein heilt ny kultur. Det å starta på ein skule med ca. 2000 eleva utan å kjenna nokon e ganske tøft og eg er veldig stolt øve meg sjølv og alt eg har fått til.

 

?Savne du heim??. Eit spørsmål eg får ganske ofte. Eg savne mamma og pappa, eg savne familien min. Eg savne frihet og alle vennane mine. Men livet her e så bra. Eg har vennar, eg har fått ein ?familie nr.2? og eg har fått så mange flotte opplevingar og så utrulig mange fantastiske minner som eg kjem til å ta med meg for resten av livet. Ingenting av detta hadde skjedd utan mine fantastiske foreldre. Mamma og pappa har gjort so utrulig mykje for meg i livet mitt. Vanskelig og takka dei for alt dei har gjort for meg. Dei betyr verkeleg alt for meg og eg kunne aldri bytta dei ut med nokon som helst. Eg legge merke til kor mykje eg trenge dei i kvardagen min no som eg er på hi sida av jordkloden. Eg er evig glad i dei.

 

Eg har lært mykje på den tida eg har vert her. Eg har lært at eg ikkje ?trenge? vennegjengen min heima i Norge og at eg, når eg va 16 år kunne setta foten min utanfor komfortsona mi og starta med blanke ark. Eg kan reisa te eit heilt nytt land og få meg så mange flotte venna. Selfølgelig trenge eg vennegjengen min heima i Norge, men eg har bevist for meg sjølv at eg kan stå på mine eigne bein.

Her kjem nokre bilde frå den siste månaden.

























Legg gjerne igjen ein kommentar!

#utveksling #explorius #exploriusnorge

25.10.2015 Blogg

Eg har da så bra!

Heihei, idag e da 1 veka sida homecoming og mobilen min har vert på reprasjon for den blei ltt ødelagt hehe, så hadde ikkje mulighet til å få bildene inn på dataen. Eg tenkte vertfall at eg skulle skriva litt om homecoming, korleis da va å ka me gjorde på. Dagen før homecoming var hadde med fri og det var homecoming game som e amerikansk fotballkamp og dei kåre homecomingqueen and king. Neste dag koste me oss i bassenge heilt til da var tid for å gjera seg klar. Når klokko var 17.00 begynte me å gjera oss klare med sminke osv og så kom date´en min (Gustavo). Han kjøpte bloma til meg som var veldig søtt. (men me e berre venna!!). Etterpå kjørte vertsmor oss til skulen. Da var veldig koslig og nesten alle dansa. Det var ikkje slik som i norge at alle satt med bordene og var kleine men folk hadde da fakstisk veldig kjekt. Etterpå reiste eg, rebecca, shane, dylan, rosa og to til som eg ikkje veit navnet på til stake n´ shake for buger og milkshake. Detta var fyste gongen eg var på steak and shake og da va MAGISK. Milkshaken deirans var utrulig god. foodgazm.

Dagen etter homecoming kom Lara som var utvekslingsstudent i denna familien her ifjor på besøk. Ho har no vert her i ei veka og er veldig hyggelig. Me har blant annart vert på pumpkin patch og såg på alle gresskarene og i ein stor halloween butikk for å handla litt kostyme osv for halloween. Eg glede meg veldig mykje til halloween sjølv om eg e 17år, haha. Ska bli kjekt å oppleva amerikansk halloween med tanke på at dei feire da.

 

Bildespam:







Frontkameraet på mobilen min ekje so veldig bra, haha.

Tusen takk for at du leste, kommenter gjerne.

-Mona Haltvik

#utveksling #exploriusnorge #homecoming

11.10.2015 Blogg

Svar på spørsmålrunde!

Veldig kleint, haha! Håpe du liker den og viss du har fleire spørsmål kan du kommentera dei i kommentarfeltet!




#Utveksling #explorius

- Mona Haltvik

04.10.2015 Blogg

Spørsmålrunde + den siste tida!

Holaaa frå Florida!

Eg tenkte eg skulle ha ein liten spørsmålsrunde og svarene kjem ut på video om ikkje da blir alt for kleint haha. Vertfall, still spørsmål i kommentarferltet.

Sist veka begynte eg på volleyball og syns da e utrulig kjekt. Me trener kvar dag etter skuletid (3timar). Ska no vertfall ikkje klaga på at eg e lat no. Trenaren på volleyball laget va veldig hyggelig å sa at eg va ny og at alle måtte ve hyggelig osv med meg. Sist helg så var me på noke som heiter escape zone, da e at du blir plassert i eit rom med vennane dine og so har du 60 minutt til å komma deg ut. Me valgte pirat rommet så me va inni eit forlatt skip og da va mykje skattekister som me måtte åpna, kart og mykje dødningshåve osv. Da va vertfall veldig kjekt og utrulig spennande. Dagen etterpå var eg og Per på besøk hos Simon og hadde ein "norsk kveld", haha. Me åt is og snakka om alt frå A tll Å. Veldig deilig å kunna snakka norsk innimellom.

Den siste veko har egentlig betått av mykje prøva og lekse, volleyball kampa og mykje mat, håhå♥♥ Igår, fredag så hadde me heimekamp så då var alle vennane samla på skulen og heia på laget vårt! GO BIG BLUEE! Idag var me på strande for å sjå på dei store bølgene.

Ting eg gleder meg til:

  • Run away ( 3 dagers country festival)
  • Halloween horror night
  • roadtrip til Alabama
  • Universal studio
  • jason derulo konsert 
  • homecoming (neste vekaa!)

 

Bilder :


kjækkas



Frå venstre - Ester, Bria og meg








Legg igjen ein kommentar, og eit spørsmål eller to!

#utveksling #exploriusnorge

-Mona Haltvik

20.09.2015 Blogg

50 dagar!

Heihei nydelige deg!

Idag har eg vert i amerika i 50 dagar! Tida går så sjukt fort, håpe da forsette slik. På skulen går det veldig bra. Me får 9 vekers karakter og eg hadde berre A & B som er veldig bra og som gjer at eg kan bruka mobilen i lunch. Eg har bytta matte så no har eg ein lettare matte og itilleg har eg har fått mange nye venna og eg syns da e veldig kjekt at eg blir  kjent med nye folk kvar dag. Sist helg var eg i Bursdag til  Charlotte. Det var poolparty og heile cheerleader laget var der, me blei servert pizza og hadde da veldig kjekt. Denna helge hadde me educatius møte på ein japansk resturang. Me var 25 stk og da va veldig kjekt. På slike møte snakke kontakt personen vår med oss og viss da e noke me vil ta opp med ho er detta ein veldig god mulighet for å snakka med ho. Me åt mykje god mat og det var utrulig bra stemning. Eg satt med simon og per som e norske! utrulig deilig å snakka norsk innimellom ♥♥







Skypa med besto og besten, og familien min ♥











 

#Utveksling #exploriusnorge #explorius

 

-Mona Haltvik

12.09.2015 Blogg

For ein opplevelse

Hei Igjen, lenge sido sist.

I det sista har da vert veldig mange prøvar og mykje lekser så har valgt å jobba med skule framfor å blogga. Men eg skal prøva å samla opp det eg har gjort i dei siste vekene. Eit minne som eg kjem til å ha med meg for alltid er når vertsmor hadde klypt plenen og det var utrulig mykje gras laust i vegen, vertsmor vaska grassklypparen og me hadde djupe samtalar om livet, haha neidå var ikkje så gale. Vertfall, tanken om å samla grasse og kasta da på vmor var stor, hahah. Eg gjor da og me starta ein veldig stor krig og rebecca blei med til slutt. Veldig koseligt minne!

Min fyste amerikanske fotbalkamp- Sist fredag var eg på min aller fyste fotball kamp. Det var heimekamp og eg reiste med alle utvekslingsstudentane + litt amerikanara.  Det var ein heilt fantastisk opplevelse og veldig amerikansk. Mange hadde kroppsmaling og stemningen var på topp. Eg like at alle har so stort engasjemang for laget og skulen sin. Blandt annart nesten kvar fredag når da e game night så får alle som har blått på seg (skuefargen vår) gå 10 minutta før skulen e ferdig. Når du går ut frå klasserommet  e skulebandet og spele musikk på campus og cheerleaderane danse, føle eg er i ein film kvar gong da skjer. Etter fotballkampen reise me til Allan´s house for å vera med kvarandre

Life in color- sist lørdag sa eg til verstmor at eg hadde veldig lyst å reisa på life in color som var i orlando neste dag. Ho syns da va greit at me reiste so lenge me passa på kvarandre og me hadde skyss til og frå. Me kjøpte biletta og var super gira. Nestedag reiste me i halv 12 tida. Me rieste med Allan, Cody, Deon og ei til. Life in color e ein konsert der du blir fargelagt med maling. Alle sprute maling og det var ein av dei kjekkaste opplevelsane eg har vert på med på. Eg skal legg med ein video nederst i detta innlegget. Bilde :









#utveksling #exploriusnorge
Utveksling i år? legg igjen ein kommentar og eg besøke gjerne bloggen din!
-Mona Haltvik

30.08.2015 Blogg

1 av 10 månadar!

Whaat, har eg vert i amerika i ein måned allerede?? Denna måneden har gått heilt sjukt fort og eg har allerede fått så mange flotte minner. Tenk, eg har berre 9 månadar igjen. Eg trur detta året kjem til å gå kjempe fort så eg får berre nyta kvart einaste sekund. Den siste veka har eg gjort mykje kjekt med vertsfamilien min som eg er blitt utruleg glad i♥

på onsdags natt reiste eg Vmor og rebecca te wafflehouse klokko kvart på 3 om natte haha. Det var vmor sin ide haha ho e kjempe kul. Det var overranskande mange som var der og vafflene var kjempe gode! Eg var kjempe  trøtt på vei heim igjen og da va utrulig godt og legga seg etterpå. Neste dag reiste eg og rebecca på kjøpesenteret for å handla litt forskjellig ting osv. Me har begynt å læra oss busssystemet så me er litt friare.

På fredag var me på wallmart fordi me skulle handla dykkemasker og bikini for lørdagen. Klokko 23.30 bestemte me oss for å reisa på IHOP (inernational house of pancakes). Me heiv oss inn i bilen og kom der 5 min før dei stengte haha. Eg bestilte pannekake med banan og nutella på, mmm. (snart 100kg). Lørdag var me på strande Sebastian Inlet for å dykka å sjå på fiskane. 

Bilder:
















Va ein stor regnstorm når me skulle til bussen. " ikkje dårleg vær, bare dårlige klær"







på Lørdagskveld reisten familien på "ein bar" der me sang karaoke, hahah da va da værsta eg har vert med på haha

 

20.08.2015 Blogg

20.08.2015

Lokal tid 16.16, Norsk tid 22.16

♥livet her i Florida e fint, men veeeldig varmt. I det sista har det skjedd veldig mykje så eg tenkte eg skulle oppdatera deko der heima litt. 

Fredag 14. august  Når eg kom heim frå skulen åt me god middag og reiste te "Nana" som er verstbestemor. Då me var på vei heim ringte Marshall (kjærasten te vsøss) å sa at dei hadde eit problem. Vsøss er gravid og det var noken problem med magen hennas. Dei reiste til legen og blei sendt vidare til sjukehuset for å skjekka om da va noke alvorleg. Eg, rebecca og vmor reiste direkte til sjukehuset for å møta dei der. Ho blei lagt inn og dei tok ultralyd av babyen, dei sa "no skjer da" haha. Etter ein time var det fullt av famiilie medlem og venner på sjukehuset som var like spente på å sjå Emma som me var. Fødselen gjekk kjempefint og alt bra med Cayley og Emma. Mens me venta på å sjå Emma blei eg og rebecca kjent med Dominic og Brandon som e nokre vennar av cayley og marshall.

Lørdag 15. august Brandon spurte om eg og rebecca ville vera med på bowling, me takka ja og gjorde oss klare. Dei henta oss i 19.00 tida. Bowling-plassen va gigantisk og sikkert 30 baner bortover. Det var også kult disco lys og bra musikk. Etterpå reiste me på Denny´s for å eta middag. Eg åt panneake med bacon ♥♥ Pannekakene her e veldig anneledes enn dei me har i Noreg, savne norske pannekake litt.. Når me var ferdige med maten hadde me forsatt litt tid før me måtte vera heima og bestemte oss for å reisa til strande! Strande om kvelden e nett som du ser da på film, veldig romantisk haha. Me såg 2 utrulig søte skillpadde og me gjekk eit ganske langt stykke før me merka at klokko var alt for mykje. Vmor var våken for å venta på oss, haha ho e så herlig!

Søndag 16. august reiste me på strande som var heilt fantastisk. Av ein eller annar grunn har eg greid å mista bikinien min såå ingen bading på meg desverre.. Menmen. Når me kom heim henta Brandon meg. Me reiste på shoppingsenteret for å møta Dominic. Me kjøpte mykje godteri på ein godisbutikk. Eg fekk helsa på noken av vennane deirans som var kosligt. Kjekt å bli presentert for folk fordi da e utrulig vannskelig å få venna på skulen på grunn av at  da e 2000 eleva der og dei e sammensveisa gjenga. Ta da med ro, eg har noken venna asltå, hehe. 

Mandag til idag - Eg har hatt skule kvar dag denna veka. Eg har skifta food science til World history fordi eg må ha det for at året mitt skal bli godkjent. Ellers har eg og rebecca vert på sykkeltur, bada i bassenge og igår var me på shopping etter skulen med Sofia og Lena. Kvar onsdag er me ferdige kvart over to på skulen som er veldig deilig med tanke på at me er på skulen til halv 4 resten av dagane.

Igår fekk eg ein e-mail om t kortet mitt ikkje funka lengre og at eg måtte kontakta banken min, eg fekk til slutt veta at noken har ein kopi av kortet mitt og dei prøve å ta pengane mine, som er vedig skremmande. Kortet mitt e no sperra og eg må få nytt kort tilsendt til Amerika.
 

Her e nokre bilde























-Mona haltvik
#utveksling #exploriusnorge

13.08.2015 Blogg

1st day of high school!

Lokaltid : 23.49

Hei igjen, dei siste dagane har eg ikkje gjort så mykje. Eg har vert her ei veka idag (ons, 12 aug). Ambefale ingen å komma te vertsfamilien so tidle utenom viss du skal gjera ein aktivitet/sport. Denna veko har vert litt lang. Grunnen te detta er nok på grunn av  at det ikkje er so mykje å gjera når du verker har venna eller har mange mulighetar til å finna på ting åleina. Meen, eg har gjort noke då vertfall. Fredag, 2 dagar etter eg landa i Florida henta me Rebecca (Roomien min) på flyplassen i Orlando. Det var veldig hyggelig å få noken som e i samme situasjon som meg. Ho snakkar litt lite engelsk så det er litt vanskelig å kommunisere. På søndag var det bursdagen min og me reiste på "the mall" for å handla litt. Cayley (vsøss) og Rebecca lagde sjokoladekaka til meg på ettermiddagen og den var veldig god, Men selfølgelig ikkje som mamma´s beste kake ♥

Tirsdag var me på skulen for å velga kva fag me ville ha. Eg valgte algrebra 2, Forensic science, Psychology/ sociology, AICE US history, Draw/paint, AICE spanish og Food science. Idag var fyrste skuledag. Det  var veldig skummet å gå rundt åleina blandt 2000 eleva men det gjekk overaskande bra. Me skulle henta timeplanen når me va på skulen men alle utvekslingselevane sine timeplana var vekke so me alle kom for seint te timen fyrste skuledag, goodjob!

Bursdagskaka







Fekk italiensk godteri av roomie på my b-day<33333









På detta bilde ser du ca (1/10) av skulen min, så ehm ja da e lett å gå seg vill og føla seg litt lost.

-Mona Haltvik

06.08.2015 Blogg

Soft landing camp!

Heisann!

 

Lørdag 1.august reiste eg til New York på soft landing camp som e ein camp for oss som reiser med explorius. Eg reiste med ei så heite Andrea frå bergen til oslo. Då me var komme fram til Oslo møtte me 21 andre studenta. Flyturen tok ca 7 timar so når me var komme fram til hotellet var me ganske trøtte. Tidsforskjellen mellom Norge og New york e 6 timar så me sovna ganske fort om kvelden og vokna ganske tidle.

Dag 1 var me i upper Manhattan og Grand Central station!

Me var fyst i Grand central station for me skulle eta mat der. Deretter gjekk bussen vidare til upper Manhatten. Me var i central park, time square og fifth ave!

 
Frå venstre: Andrea, Per, meg og Ida ♥










Dag 2 Lower Manhattan
Me begynte å eta på Grand central station den dagen og. Me såg brooklyn bridge og world trade center som var veldig fint!

 






BESTA PÅ JOOORD






Siste dagen var den beste, me reiste inn i new york for å handla i ein gigantisk matbutikk! eg, Andrea og ida kjøpte kylling og baguetter, brus og ei fruktskål! Me hadde picnic i Central Park og me spelte fotball og koste oss mykje! På slutten av dagen reiste me til eit stor shoppingsenter som var fullt av outlet so alt va mykje billigare der enn i NY. NY var egentlig svindyrt.






Fin gjeng ♥


No e eg hos Vfamilien og dei e kjempe hyggelige! Akkurat no e da storm om 37garde!!

#utveksling #softlandingcamp
-Mona Haltvik

06.07.2015 Blogg

The Exchange Student Challenge

♥ Hvor skal du dra på utveksling?

Eg skal til USA!

♥ Hvilken organisasjon reiser du med?

Eg reise med Explorius og har educatius som underorgasisjon. eg har select high school (SHS)



♥ Hvor kunne du aller helst tenkt deg å ende opp? 

Siden eg har SHS kunne eg jo velga kor eg ville og eg ønskte å reisa til Florida!

♥ Har du fått vertsfamilie?

Ja, har lagd eit innlegg om dei. Dei virke kjempehyggelige og eg skal dela rom med ei frå italia som heiter Rebecca!

♥ Skal du på forberedelsesleir?

Ja, eg skal på soft landing camp i New York som eg gleder meg veeeldig til

♥ Hva gleder du deg mest til?

Opplevelsen, ny skule, ny kultur, nytt klima, nye mennesker, nytt språk og soft landing camp (haha, blei mykje detta)

♥ Hva gruer du deg mest til?

Må nok bli fyrste skuledag!

♥ Kunne du tenke deg å prøve en ny sport?

JA, har lyst å prøva cheerleading, cross country, soccer og volleyball. Eg e egentlig ganske klar for å prøva ein ny sport.

♥ Hva tror du at du kommer til å savne mest? 

bestevennino mi Amanda .Friheten, vennane mine, familien og den friske lufte me har i norge. Ikkje minst pusen, haha

♥ Har dine foreldre støttet deg hele veien, eller har de vært skeptiske?

Dei har støtta meg heile tide. I familien min so har me to fosterbarn som er veldig krevande og dei syns eg fortjenene ein reise, oppleva litt og ein liten pause.

♥ Skal du på en arrangert tur med organisasjonen?

Ikkje som eg har plalagt men har veldig lyst til hawaii med orginasjonen Belo.

♥ Nevn fire steder du kunne tenke deg å besøke i landet ditt?

California, Hawaii, New York og Miami.

 

♥ Tror du det kommer til å bli et bra år?

jaa, ska vertfall gjera mitt besta for at da blir so bra so mogeleg!


Her er eit lite videoklipp av softlanding campen eg skal på om 25 dagar!

#utveksling


06.07.2015 Blogg

Den amerikanske ambassade

Tysdag i sist veka reiste eg med fly til Oslo der eg skulle bu hos ei venninna som heiter Kristina. Eg hadde vert i Bergen heile dagen med familien min og eg hadde veldig dårleg tid når eg skulle ta bussen til Flesland. Når eg var halvegs på flyturen kom eg på at eg hadde gløymt passet igjen i Bergen. Eg begynte å Google om da gjekk ant med nød-pass med ein gong. Når eg landa i Oslo reiste eg til politistasjonen der eg spurde dei om mykje spørsmål men dei var ikkje mykje til hjelp.

Når eg var kommen til kristina skjekka me flybillettar heim og tilbake men alt var utsolgt, post express, men det tok for lang tid og til slutt skjekka om det var noken som skulle retning oslo den dagen. Me fann ut at det ikkje var mykje håp og la oss til å sova. Neste mårning reiste me til ambassaden og sa det som hadde skjedd. Dei sa at det gjekk fint dersom eg hadde med legitimasjon og kunne sende passet i ettertid.

Eg stod i kø utenfor ambassaden i ca 2 timar grunna mykje fram og tilbake med legitimasjonen min. Møtte ein eg skulle gå på skule med og an var veldig hyggelig så det gjekk fint.  Når eg kom inn på ambassaden var det mangen stolar, 3 skrankar og nokre vaktar. Fyrst gjekk du til stranke nr 1 og leverte DS160 (ein del av visumsøknaden) og passet ( i mitt tilfelle legitimasjon, haha) og sevis kviteringen, videre kom du til skranke 2 (viss du mangla noke) og i skranke 3 er ?intervjuet?. Dei spørde om kva eg skulle i amerika, kvar eg skulle, kva eg skulle etter amerika, kor lenge eg skulle vera der og kven som betalte for reisa mi. Det var heldigvis ikkje so skummelt som eg trudde og det går hint så viss du skal på amassaden er det ingenting å grua seg til!

- Mona Haltvik ♥                              - 26 dagar til avreise

#utveksling

20.05.2015 Blogg

FÅTT VERTSFAMILIE!!

 

Natt til 18.mai vakna eg opp til ein venneførespørsel på Facebook av nokon som kom frå USA. Eg tenkte med ein gong at det var vertsfamilien eg skulle få.  Eg sendte ein melding til ho og spurde kven ho var. Etter mange timar venting fekk eg svar om at eg skulle bu hos dei neste år. Eg vart veldig glad og fekk plutseleg veldig mange spørsmål.

Vertsfamilien består av Vmor Andrea, Vfar chris,  Nykole (24) og Cayley (17, blir 18) som blir Vsøstrene mine. Dei har to hundar, Sunny og Lola . Cayley skal vera Senior på same skule som eg skal gå på! Det blir deilig å ha nokon der som eg kjennar litt  dei fyrste skuledagane. Eg har snakka ein del med Cayley og Vmor og dei verkar veldig hyggelige og er ein familie med mykje kjærlighet.♥ Eg gledar meg veldig til å reise ned til dei.

 



-Mona Haltvik ♥

07.05.2015 Blogg

Tankevekkjar!

 

I dag er det 90 dagar til eg set meg på flyet. 90 dagar til eg reiser frå min gode, fantastiske familie, mine kjære vennar og til eg blir splitta frå mine aller beste venninne som også skal ut på reise i den store verda. Det er veldig vanskeleg å setja ord på tankar og følelsar. Vanskeleg å veta kva neste år har å by på og kva forventningar ein kan ha. Det å tenkje på at ein skal reisa vekk frå det gode livet eg har her heima og vera vekke frå vennar,  slekta og ikkje minst familien i heile 10 månadar. Eg kjem verkeleg til å savne alt og alle.

 


Korleis vil alt bli når eg kjem heim att? Vil eg fortsatt ha dei same vennane? Det er skummelt å tenkja på om folk vil savne eller gløyma meg litt, om alt forandrar seg her heima og ingenting er som før når eg kjem heim att. Men samtidig kan alt være slik som før. Eg følar eg må utnytta tida før eg reiser veldig godt, vera med gode vennar, reisa på ting, vera sosial, ha gode stunder med familien.

 

Gruar meg ikkje og har ikkje kalde føter, men eg trur alt blir så annleis, ein heilt ny kultur, nye menneske, ein ny familie, ny skule, ny mat, nye tradisjonar og eit heilt nytt land. I tillegg skal alt detta skje på ein gong. Heldigvis skal eg på softlanding camp med mange andre utvekslingsstudentar  før eg møta Vfamilien. Lurar veldig på korleis fyrste møtet med den nye familien blir. Det blir ein veldig stor utfordring som eg gleda med til å få. Eg glada meg til å få mange nye opplevingar  og mykje læring som eg kjem til å ta med meg vidare i livet. Eg veit eg kjem te å få heimlengsel, eg veit eg kjem til å savne familien min og eg veit eg kjem til å savne landet mitt men eg både trur og håpar det blir verdt det.
Skal bli merkeleg å vera vekke frå dei som eg har rundt meg omtrent heile tida.

Skal du på utveksling?
kva tanka har du om neste skuleår?

-Mona Haltvik ♥

24.04.2015 Blogg

Fått skuleplass!

I går fekk eg ein e-post av Explorius om at eg hadde fått skuleaksept. Skulen heiter Heritage high school, den ligg i Palm bay, Florida. Eg vart veldig gira og gledar meg mykje til å reise! Når eg google skulen verkar den veldig stor og fin med mange elevar. Skulen skal være nokså ny og ein veldig bra skule med flinke lærarar. Dei har eit  danseteam som hadde mange dyktige dansarar. Som eg skreiv i søknaden min er eg veldig glad i å danse, håpar eg kjem inn på laget. Gledar meg til eg får vertsfamilie og å reise ned til Florida.

 


Har du fått skuleplass eller vertsfamilie?
Legg igjen ein kommentar i kommentarfeltet!


 



17.03.2015 Blogg

CHECKLIST

 

·      Søka med explorius

·      Bli godkjent

·      Takka JA

·      Få søknad, kontakt person og underorganisasjon

·      Velga select high school

·      Delta på Get ready møte i bergen (Må til Oslo også)

·      Ta ELTIS testen og bestå

·      Få skuleplass

·      Få vertsfamilie

·      Nytt pass

·      Visum, Ambasaden

·      Søka om stipend

·      Pakka

·      Sei hada til kjente og kjære

·      Reisa til USA

·      Ha eit fantastisk år

Legg gjerne igjen ein kommentar, du kan også legga igjen link til din blogg.

-Mona Haltvik

18.02.2015 Blogg

Dear host family.

 

 

Dear host family.

 

My name is Mona and I come from a small place called Øystese, Norway. I am sixteen years old and I will be seventeen on August the 9th.  Next year my dream comes true, to be an exchange student in the United States. I look forward to getting there, and I hope you know that none of this would?ve happened if it wasn't for you, my dear host family. I?m looking forward to see you.

 

I am a positive and a happy girl who loves to meet new people. I'm very outgoing and like to be with new friends. I am not the shy type. I am caring and care a lot about those around me. Ever since I was a little girl I have loved to dance. I have tried different type of dance hip-hop, ballet, jazz and cheer dance. I still dance and hope I can try cheerleading in the United States. In my spare time I like to be with friends, find something fun to do with my family, make good food or just relax.

 

 

I come from a big family. I live with my parents and my to younger foster-brothers. I have one older sister Tonje and one older brother David, they both have moved out. Tonje is twenty-one and David is Twenty-tree. They both have been good role models to me. They have taught me a lot about life, how you treat other people and that it is important to take care of each other.  I?ve always wanted to be like them. My mom name is Erna and she is forty-six years old and working as a hairdresser. My dad, Thor Inge is forty-five years old and working as a firefighter and has its own construction company.  I have one cat that I love so much, she is 16 years old and I have grown up with her. I also have a dog called Tassen.

 

Since I am sister of two foster children, I know how it is to get a new family member, and that it is important to respect the people you live with. I know that it is important to show your new family that you appreciate that you get to stay with them and become a member of their family. I have been taught to show respect for my parents and other people around me, which is something I also will do with my host family. I hope we get a good relationship and make each other happy and get a fantastic year. I will do my best to get an amazing year.

Sincerely yours,

Mona Haltvik

(Detta er brevet eg skreiv til vertsfamilien min som eg endå ikkje har fått. Eg er utrulig spent og gledar meg mykje!)

Les mer i arkivet » November 2015 » Oktober 2015 » September 2015
Mona Haltvik

Mona Haltvik

Jenta frå ein lita bygd i Hardanger. På denna bloggen kan du følga forbredelsane, kvardagen og mitt utvekslingsår 2015/2016. Eg reiser med Explorius og har Select high school (EDUCATIUS). Eg er i Palm bay, Florida. Du finn meg på instagram som monahaltvik98.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Lenker

Bloggdesign

Bloggen er kodet og designet av
RRH Webdesign
hits